Smiedal Aktivitetsferie
Trygve Øvstebø
Mitt navn er Trygve Øvstebø og eg er født og oppvaksen i bygda Åkra og på garden Smiedal. Sidan eg var liten har eg gått turar i fjellet og kjenner det ut og inn. Eg har og lang erfaring som jeger, både på hjort og fugl. Det eg likar meir enn noko anna er å ta folk med på tur, fortelja historiar frå området, laga god mat og gje dei som er med ei unik naturoppleving.
Liv Øvstebø
Liv er søster til Trygve og oppvokst i Åkra. Har alltid vore interessert i dyr av alle slag. Dei siste åra har ho og prøvd seg litt med reining og vunne nokre premiar. Ho syns det er spessielt kjekt å ri med ungar og lære dei å stelle med hestane.
Mikal Øvstebø
Mikal er sonen på garden. Han har ridd sidan han var liten gut. Han trivest veldig godt med fjellturar, snakka med turistane og snakkar engelsk flytande.
Bodil Hjøllo Solheim
Bodil er økonomiansvarlig og vil du leige Gamlehuset er det ho du skal snakke med. Alltid blid og imøtekommande. Her på tur med Minni.
Tony Llarena
Tony har dreve med hestar i mange år. Han har jobba på ranch i USA, ridd med turistar i Hemsedal og vore aktiv konkurranseryttar i reining (westernridning). Her vart han europamester i 2008.
Tony er opprinneleg fra Tenerife, men har budd i Norge dei siste 40 åra.
Hest er blitt ein livsstil for han.
0047 90282254-Bodil
0047 91735864-Trygve