Dyra

                   GARPUR


Garpur er ein svart islandshest på 18 år, han kom

til oss frå Etne. Garpur likar veldig godt¨å verta kosa med.

Han er og sjefen i flokken og likar godt å gallopera.Han har mykje framdrift så ein må vera erfaren for å ri han. Vert han leid er han roleg og berre tuffae med.

Garpur er ein hest du vert glad i.

          ZENA


Nordlandshoppe, fødd i 2000.

Veldig grei på tur og flink til å gå i fjellet. Gode bevegelsar som gjer ho behagelig å ri.

          FLEIGUR


Fødd på Vestmannaøyar i 2002.

Ganske stor til å være islandshest.

Er femgangar og brukt eindel i dressur.

Er veldig snill og grei. Ingen sjefshest, men likar seg litt bak i rekka.

PINOCCHIO


Pinocchio er minstemann. Ein sjarmerande, men

bestemt herremann. Han er av rasen Welsh og fødd i 1995.

Han er berre ein meter og atten cm høg.

Pinocchio er svært grei i fjellet, han går stødig og i sitt eige

tempo. Han er ein barfothest som aldri har hatt

sko. Kan du ri så er han lett å få opp i fart, har

ingen problem å halda tritt med dei andre hestane

Høgste vekt på rytter er 50 kg

         NICE AS SHINEY

kallast berre Shiney.

Amerikansk Quarter fødd i USA i 2004

Topptrent konkurransehest i sporten reining (westernriding). Vi har vunne mange 1. plasser med han. Han har konkurrert i heile Skandinavia.

Han er utrulig snill, det finst ikkje noko vondt i han, Brukast også i terapiriding.

Glitra:

Ei islandshesthoppe. Ho er brukt i dresur og kan mykje. Er naturtøltar. Ho har vore hos oss i tre år og finn seg godt til rette i flokken.