Om Oss

Mitt navn er Trygve Øvstebø og eg er født og oppvaksen i bygda Åkra og på garden Smiedal. Sidan eg var liten har eg gått turar i fjellet og kjenner det ut og inn. Eg har og lang erfaring som jeger, både på hjort og fugl. Det eg likar meir enn noko anna er å ta folk med på tur, fortelja historiar frå området, laga god mat og gje dei som er med ei unik naturoppleving.

Med meg for å gjennomføra aktivitetane har eg og med meg andre personar frå området.
www.smiedal.no © 2016 • Copyright • webansvarlig: Tony LLarena
Tony Llarena:
Tony har dreve med hestar i mange år. Han har jobba på ranch i USA, ridd med turistar i Hemsedal og vore aktiv konkurranseryttar i reining (westernridning). Her vart han europamester i 2008.
Tony er opprinneleg fra Tenerife, men har budd i Norge dei siste 40 åra.
Hest er blitt ein livsstil for han.
Liv Øvstebø:
Er søster til Trygve og oppvokst i Åkra. Har alltid vore interessert i dyr av alle slag. Dei siste åra har ho og prøvd seg litt med reining og vunne nokre premiar. Ho syns det er spessielt kjekt å ri med ungar og lære dei å stelle med hestane.
Bodil Hjøllo Solheim:
Økonomiansvarlig og vil du leige Gamlehuset er det ho du skal snakke med. Alltid blid og imøtekommande. Her på tur med Minni.
Mikal Øvstebø:
Mikal er sonen på garden. Han har ridd sidan han var liten gut. Han trivest veldig godt med fjellturar, snakka med turistane og snakkar engelsk flytande.