Turar

Sesongen er i full gang!

Vi legg opp turane våre etter behov. Lange fjellturar, kortare turar på skogsveier opp i lia og lette turar rundtom i bygda. Vi har ingen aldersgrense verken oppover eller nedover. Alle er velkomne. Dersom det er ynskjeleg blir hesten leid av ein vaksen person slik at ingen skal føle seg utrygg.

Ta kontakt på tlf 92665566

TUR OPP ÅKRALIA OG NED PÅ ÅRTUN

Her er grusvei opp og skogsvei ned. I skritt tar denne turen ca 1,5 timar. Her er og mulighet å ri med litt fart om det er ynskjeleg. For denne turen tar vi kr 500,- pr hest.

TIMERIDING

Kr 350,- pr time

Ein tur til Bjellandsbu er ein veldig spesiell tur. Her rir du over flott fjellnatur og kjem inn til ei hytte som du kan overnatte i, teikna av Snøhetta. Turen er 18 km og ein krevjande tur. Pris blir etter avtale.

DAGSTURAR

Ein tur til Vikastølen kostar kr 1000,- pr hest. Det er ein tur på 4-5 timar. Omlag 1,5 time opp. Der kosar vi oss i hytta med niste, pannekaker, kaffi ol. Så rir vi ned att, også den 1,5 timar.

Vi tar imot de fleste.

Eldste her er 90 år og yngste 5 år. Einaste begrensing vi har er max 90 kg på ryttaren.

 

Vårt mål er at du skal trivast her hos oss

Smiedal

Aktivitetsferie

Bygdavegen 4

5499 ÅKRA

0047 92665566

0047 91735864

0047-92665566

0047-91735864