Kva skjer hos oss

Sesong 2019 er i full gang!

 Vi legg opp turane våre etter behov. Lange fjellturar, kortare turar på skogsveier opp i lia og lette turar rundtom i bygda. Vi har ingen aldersgrense verken oppover eller nedover. Alle er velkomne. Dersom det er ynskjeleg blir hesten leid av ein vaksen person slik at ingen skal føle seg utrygg.

Ta kontakt på tlf 92665566

Vi leier så alle er trygge.
Maria og Trygve på tur.
Julie og Lotta på Pinocchio
Bursdagstur
Julie rir barbakk på Barokk
Flotte dagar
Juniper er tolmodig og snill
Også vaksne blir leid om dei ynskjer
Liten pause
Flott utsikt
Så var det ned att.
Elvar ingen problem.
Oppe på Vikastølen
Garpur har ikkje mykje problem sjølv om det er steinete.

TIMERIDING

Kr 350,- pr time

DAGSTURAR

Ein tur til Vikastølen kostar kr 1000,- pr hest. Det er ein tur på 4-5 timar. Omlag 1,5 time opp. Der kosar vi oss  i hytta med niste, pannekaker, kaffi ol. Så rir vi ned att,  også den 1,5 timar.

Hos oss er alle velkomne.

Eldste her er 90 år og yngste 5 år.

Einaste begrensing er at ryttaren er under 90 kg.

BURSDAGSFEIRING:


Vi lagar til bursdagar med riding, kaker og grilling av pølser. Då tar vi tur rundt i bygda og rir et par timar. Alle som vil blir leidde og det går vaksne folk med. Etter riding har vi bogesyting, ein klatrevegg og mange dyr ein kan helse på. 

For ein 3 timars pakke tar vi kr 2500,-

Ring på tlf 92665566 så kan vi diskutere kva de ynskjer.

Yoga og ridehelg ved Åkrafjorden

Kvar vår og haust arrangerer vi yoga med riding. 

Vi startar fredag kveld med yoga og ny yogaøkt laurdags morgon. Etter frokost og litt pause rir vi ein tur til fjells. Der har vi ein stopp med lunch og avslapping før vi rir ned att.

Om kvelden er det meir yoga og så avsluttar vi dagen med ein god middag. For dei som ynskjer så har vi ein badestamp som vi har klar om kvelden.

På søndagen er det meir yoga og ein god frokost før vi avsluttar.

For påmelding ta kontakt med Signe Schineller på tlf 40880719. Vi har vore så heldige å fått henne til yogainstruktør.

Neste yoga/ridehelg blir 20-22 september.

I gymsalen
IMG_2192
Nesten oppe 2
Endå nermare
Mot Steinsvatnet
IMG_2099
Glitra og
Kaffikjelen
Avslapping
Ei og Minni
IMG_2109
IMG_2081
IMG_2100
IMG_2090
Ned att
IMG_2127
Ned att 2
IMG_2146
IMG_2163
Knallblå
IMG_2176
IMG_2179


Vårt mål er at du skal trivast her hos oss

Smiedal

Aktivitetsferie

Bygdavegen 4

5499 ÅKRA

0047 92665566

0047 91735864