Ridetur som bursdagsgave?
Gjer som denne familien på fire som feira bursdagen til jenta si som vart 13 år i dag. Vi rei rundtomkring i heile bygda og avslutta med gryterett og kake i Gamlahuset.
Vikastølen under nattehimmelen
Helgeturar
Våre helgeturar passar både store og små, turen blir lagt opp etter behov.
Vi møtes på garden fredags kveld og blir innlosjert i vårt vesle sjårmerande hus fra 1800 talet. Hvis ynskeleg kan kveldsmat nytes i hovedhuset eller de kan lage dykk mat sjølve i gamlehuset.
Aktiviteter under helga blir lagt i samråd med våres kunder. Vi kan tilby forskjellige aktiviteter som f.eks:
- Padla kajakk i vakre Åkrafjorden
- Rideturar etter behov og rideferdigheter
- Fiska i Åkrafjorden eller elva
- Juving (gå langs elvajuvet)
- Dykking i elva
- Buldring (innendørs klatring)
- Spela sandvolleyball

Ta kontakt så planlegg vi i saman.
Eksklusiv tur til Bjellandsbu.
Ein tur innover nydelige fjell med overnatting i den flotte hytta Bjellandsbu. Ei eksklusiv jakthytte, teikna av Snøhetta, der ein kun kan komme til fots eller med hest.
Ein magisk tur. Ta kontakt for bestilling så lagar vi ein ein tur nett slik de ynskjer.
Første turen til Vikastølen i 2018.
Ein nydelig soldag i mai rei vi vår første tur til Vikastølen for i år. Vi ville opp og sjå om alt er i orden for sesongen. Det var turt og fint på stien så ingen problem å ri, mest all snøen har smelta bort i det fine vårværet. Hestane visste kor dei skulle og var ivrige på å få komma opp til friskt, nytt gras på stølsvollen. Det vart ein nydelig tur, fuglane syng, bekkane klukkar så friskt og det blømer i liene. Rein balsam for kropp og sjel.
Rideturar for alle.
Vi har turar til alle, både nybegynnerar og erfarne. Turane legg vi opp etter ynskje. Berre ta kontakt og legg fram ynskje ditt, så tilrettelegg vi så godt vi kan. Åkra er ei vakker bygd som har mange stader der det er flott å ri. Både i bygda, liene og fjellet. Du er hjarteleg velkommen og vi skal gjere vårt til at det vert ein flott opplevelse.