Aktiviteter
Vi har turar til alle. Er du redd for å sitje aleine på hesten er det ingen problem. Vi festar ein spesialsal på slik at du sit trygt og godt bak ryttaren framfor. Dersom du vil kan vi berre ta ein liten tur i bygda. Vi tilpassar etter behov.
     Gardsidyll
Om sommaren hesjar vi gras til dyra. Har du lyst kan du få være med, eller berre sjå på.
På varme sommardagar nyt vi eit bad i fjorden. Godt og forfriskande både for folk og dyr.
I Åkrafjorden er det mykje fisk, også store flotte fiskar. Vi kan vera behjelpelige med rettleiing i fiske. Desse på bilete er tatt med line utanom makrellen, den er tatt på stang.
Kajakpadling i Åkrafjorden
Å symje blant laks og aure.
Åkraelva er rik på fisk. Her er både laks og aure. Noko som er skikkelig moro er å dykke ned og sjå fiskane som er i elva. Her ser ein dei ligge inntil steinar og berg og du kjem heilt bort til dei.