JUNIPER
Juniper er ein fjording på 13 år, han er roleg,
likar å verta klappa på, kan vegen til støls godt,
er grei å ri, likar best å vera ilag med dei andre
hestane. Juniper har vore hos oss i snart 8 år.
TINTO
Tinto er ein kvit islandshest, vallak på 20 år +.
Opprinnelsen er litt ukjent, men han kom til oss for 15 år sidan.
Tinto er nok den hesten som tar ting rolegast av hestane
våre men for att han skal gjera det du vil , må du vera
bestemt og visa kven som er sjefen. Han er stødig i fjellet
og jagar du ikkje på, har han sitt eige tempo. Han skjønar
kva du vil, men er ikkje alltid sikker på om han vil gjera det.
GARPUR
Garpur er ein svart islandshest på 18 år, han kom
til oss frå Etne. Garpur likar veldig godt¨å verta kosa med.
Han er og sjefen i flokken og likar godt å gallopera.
Garpur er ein hest du vert glad i.
PINOCCHIO
Pinocchio er minstemann, ein sjarmerande men
bestemt herremann. Han er av rasen Welsh og
12 år, berre ein meter og atten cm høg. Pinocchio er
svært grei i fjellet, han går stødig og i sitt eige
tempo. Han er ein barfothest som aldri har hatt
sko. Kan du ri så er han lett å få opp i fart, har
ingen problem å halda tritt med dei andre hestane.
FLEIGUR:

Fødd på Vestmannaøyar i 2002.
Ganske stor tilå være islandshest.
Er femgangar og brukt eindel i dressur.
Er veldig snill og grei. Ingen sjefshest, men likar seg litt bak i rekka.
Zena:

Nordlandshoppe, fødd i 2000.
Veldig grei på tur og flink til å gå i fjellet.
NICE AS SHINEY kallast berre Shiney:

Amerikansk Quarter fødd i USA i 2004
Topptrent konkurransehest i sporten reining (westernriding). Vi har vunne mange 1. plasser med han. Han har konkurrert i heile Skandinavia.
Han er utrulig snill, det finst ikkje noko vondt i han, Brukast i terapiriding.